— Viktige tematikker, ikkje kun dette med namn
Av Karette Stensæth. Publisert 26.09.2024
Karette Stensæth. Foto: Charlotte Wiig/NMH
Takk for det flotte innspelet til Mette Kalleberg og Lena Nettum, som eigentleg rommar mange viktige tematikkar, ikkje kun dette med namn. Det som i sum er tatt opp er komplekst og samansett - og som det også antydast inni teksten, så er det mykje grunnleggande i musikkterapien som skjer innanfor spesialpedagogiske kontekstar (!) som også skjer i andre kontekstar. Eg ser igjen vaksne personar på Rockovery- og psykisk helse-arrangement som eg sjøl hadde som musikkterapeut då dei var barn. Og eg kjenner igjen dei same grunnleggande tilnærmingane i demenskora rundt om.
-
Karette Stensæth er professor i musikkterapi og leder for Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH) ved Norges musikkhøgskole.
Tidene endrar seg, og det same gjer språk og namn vi set på ting. Eg aleine kan ikkje svare for alle i Cremah. Men eg er riktignok stemma bak Cremahs BLIme-innlegget som det refererast til (for øvrig eit fantastisk flott resultat av tverrfagleg innsats på ein spesialskole), og her brukte eg nettopp namnet "barn og unge i spesialpedagogisk kontekst". Eg meinte der og da at det var presist, og meiner nok det fortsatt, om ein da snakkar ut fra akkurat den bestemte konteksten da. Vi kan kanskje ha fleire nivå på inndelingane våre? Om eit område er “musikkterapi med barn og unge i sårbare livssituasjonar” kan ei underdeling t.d. vere “barn og unge i spesialpedagogisk kontekst” (ev andre kontekstar som fritidstilbod, kulturskule, sjukehus, etc.). Ikkje sikkert dette er rett heller.
“Vi kan kanskje ha fleire nivå på inndelingane våre?”
Dette med namn og språk vi brukar er jo noko som rører på seg - heile tida. Som musikkterapeutar er vi del av dei kontekstane og kulturane vi til ei kvar tid arbeider innanfor. I takt med dette tilpassar vi oss rådande nemningar, språk og endringar - som t.d. følgjer positiv blest i media (da gjerne i kombo med forsking). At det er blitt stas å sei at ein syng i DEMENS-kor hadde vel få trudd for berre to år sidan? Nokre gongar må vi bruke namn som er gjengse, har positiv klang og kan brukast av dei vi som musikkterapeutar har med å gjere.
Spørsmålet om kva eit "felt" rommar, og om det faktisk er naturleg å dele inn i "felt", som Mette Tiedemann sa på siste norske konferanse i Fredrikstad, er både spennande og krevande. Eg har ikkje svaret.
Men eg oppfordrar gjerne dei dyktige musikkterapeutane bak innlegget å bli med å arrangere rundebord om namn - eller ein annan vald tematikk knytta til arbeidet sitt på den norske konferansen i Trondheim - og da gjerne saman med fleire praktikarar og folk frå utdanningane og forskingssentra på begge sider av fjella. Er de med?